Innlegg på debatt på Haugalandet om kommuneøkonomi...
I løpet av sommeren har vi fått høre at nesten halvparten av
rådmennene i landet meinar at økonomien i kommunane vil bli dårligare med ei borgarleg
regjering. For meg så e ikkje detta så merkelig etter alle utspilla frå Høyre
der dei har planer om å gjør store endringar i formueskatten og selskapskatten. Eg er sikker på at ein av årsakene til at rådmenna er skeptisk til ein
borgarleg regjering er at Høyre har varsla at dei vil endra kommunane sin inntektsfordeling
slik at dei rike kommunane behelder meir av skatteinntektene mens dei mindre og
«fattigare» kommunen får mindre.
Nå behelder kommunen sjølv 40 % av selskapskatten mens deler av selskapskatten fordelast mellom alle kommunane i landet. Dette gjør at skatteinntektene fra byer som Stavanger, Oslo og Bergen som har dei fleste hovudkontora og derfor også høgast skatteinntekter, blir fordelt til mindre kommunar som driver stor verdiskapning men som ikkje har så mange av hovudkontora.

Men vil detta få konsekvensar for Haugalandet og min kommune
tenker du? med så mykje arbeidsplasser og industri som me har? Ja, dette vil
utan tvil også få konsekvensar for innbyggarane på Haugalandet. Faktisk vil dei
fleste kommunane på Haugalandet får mindre inntekter visst Høyre gjennomfører
sitt forslag om å endre fordelingen av selskapskatten. Karmøy vil få 25 millionar
mindre, Haugesund 13 millionar mindre, Tysvær 7,6 millionar mindre, Etne 2,3 millionar
mindre og Vindafjord 800 tusen mindre.
For alle desse kommunane vil dette bety mindre penger til varme hender
og kloke hoder. Men er det rett å fordela midlar frå dei store og rike
kommunane til dei litt mindre og ikkje så rike kommunane? Eg seier Ja, for det
er oftast i dei mindre kommunane verdiskapningen skjer, ikkje i Oslo, Stavanger
og Bergen.
For meg er nåke av det viktigaste staten kan gjør er å sikre
kommunane god økonomi slik at dei kan tilby innbyggarane gode tenester innan for
viktige områder som barnehage, skule, kultur, fritidstilbod,
helsesøstertjeneste og eldreomsorg. Dette er grunnen til at Senterpartiet i
regjering har styrket kommune økonomien betydelig dei siste 8 åra.
Mens nåken partier ynskjer å få kommunalministeren for å gjennomføra store sentraliseringsreformer, ynskjer Senterpartiet å ha kommunalministeren for å fortsatt styrke kommunane sin økonomi, det er tross alt kommunane som har ansvar for dei viktigaste tilboda for barn, unge og eldre.

Leif Christian Andersen
3.kandidat Stortingsvalget Rogaland SP
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar