torsdag 22. mai 2014

Jordbruksforhandlingane, mat, bønder, Listhaug og sånt.

Dei siste vekene har fleire kommen bort til meg å sagt « Ja det e vell ei spennande tid for deg som Senterpartist nå», «e du ikkje ute å demonstrere ?» eller «ka tenke du om jordbruksoppgjøret?»

Folkens det e alltid spennande å vera Senterpartist men det ingen tvil om at for meg som e aktiv i eit parti som setter setter matsikkerhet, dyrevelferd og berekraftig forvaltning av ressursene våre høgt, så e me nå inne i ei spesielt spennande tid.  Det va nå me sku få veta ka Høyre og FRP meinte med at dei ville ha auka matproduksjon i landet og at dei ville satse på Norsk matproduksjon, fasitten fekk me når Listhaug la fram tilbodet og forslaget frå regjeringen.

Og fasitten var STOR, STØRRE OG STØRST, regjeringen ønske å sentralisere og dramatisk legge om norsk landbruk til bli eit industri landbruk, der profitt og kapitalen styrer. Dei ønske å flytte produksjonstøtte frå dei små og ikkje minst mellom store gardene over til dei få og store gardene, dette betyr at dei fleste bøndene får ein svært lav eller redusert inntekstvekst, mens nåken få kan få vesentlig meir. Den størrelsen på gardene som regjeringen legger opp til passer kun på Jæren,  deler Trøndelag og sentrale østlandet og ikkje resten av landet. I verste tilfelle betyre detta at me ikkje lenger komme til å ha eit landbruk i heile landet,store arealer vil gro igjen, kornproduksjonen vil gå ned og vår evne til å fø oss sjølv vil bli betydelig redusert.  

Ja seie kanskje nåken av dokke e det ikkje flott at me endelig kan skikkelig effektivisere landbruket og få billigere mat? Nei for meg så e ikkje det flott, for eg meiner at ein slik politikk e te fare for oss som forbrukere både i Norge og resten av verden. Kvifor det ? Jo det ska eg fortella deg.

Mens me i Norge har klart å holde ein variert struktur med både små, mellom og store bruk rundt om i heile landet(sjølv om det har vært ein stor effektivisering i landbruket) Så har me i Europa sett ein stor sentralisering/effektivisering av landbruket der ein nå ikkje har familiebruk lenger men store «fabrikker». Dette har ført te nåke billigere mat for forbrukeren ja, men der stopper nok det positive også. 

Denne effektiviseringen og sentraliseringen har også ført til dårligere dyrevelferd, meir fare for sykdommer og ein auka bruk av antibiotika(AB).  Ved å putte fleire og fleire dyr i sammen så får ein også meir sjukdommar og auka behov for AB. Mens Norge er det landet i Europa som bruker minst AB i matproduksjonen bruker industrilandbruket i Danmark 10 ganger så mykje som oss,Tyskland 50 ganger så mykje og middelhavslandene 100 ganger så mykje. Dette har ført til at i EU finnes det betydelig meir AB resistentebakterier enn i Norge og I EU rekner ein med nå at det er 25.000 dødsfall i året direkte knytta til resistente bakterier og landbruket får ein stor del av skyldå for detta.
E det detta me også ynskjer i Norge ?? Ikkje eg hjallefall…

Fleire frå FRP og faktisk også NRK i ein reportasje har dratt fram kor flott det er blitt på New Zealand etter at dei fjerna «alle» tilskuddene til landbruket og at dette er nåke som me bør gjør i Norge også. Først vil eg begynna med å sei at berre det å sammenligne Norge og New Zealand og seie at det e nesten to like land på grunna av nåken fjell og snø på toppene om vinteren e litt spesielt og eg begynner å lure på kor folke henter kunnskapen sin i frå ? Men det som e det mest spesielle og triste er at det virke ikkje som FRP og Journalisten i NRK har fått med seg den massive kritikken som det har vært mot landbruket på New Zealand på grunn av den at industrialiserte produksjonen nå fører til store miljøskader, ødelagte kulturlandskap, forurenset grunnvann, jord som er overgjødslet, elver som tappes og ikkje minst melkeprodusksjoner med gjennomsnittelig 400 kyr, kor blei berekraften og dyrevelferden  av ? E det detta me vil for Norge ? Øydelegga våre ressurser for litt billigere mat ? Nei det vil ikkje eg hjallefall.
I debatten blir eg ofte møtt med at eg er egoistisk og prosjektonistisk når eg meiner det er viktigere med Norsk matproduksjon enn å senke tollmurene. Eg meiner faktisk det er meir egoistisk og naivt å tru at verden blir betre av at me fjerner tollmurene i Norge og legger ned Norsk landbruk og slepper «alt» fritt. Dei som kommer til å tjena på ein slik politikk er dei store internasjonale selskapå som kjøpe opp jordbruksjord i Afrika, Sør-Amerika etc og tapper landet for ressurser og der innbyggerene verken sitter igjen med penger eller mat. Nei visst me virkelig bryr oss om menneskene i fattigere deler av verden lar me dei bygge opp eit system som i Norge der kvart land sikrer sine egne innbyggere mat og der innbyggerene i landet eiger ressursene ikkje nåken få rike mennesker i USA/KINA. Eg er heilt sikker på at hadde alle land klart å sikre sine egne innbyggere mat, reint vatn og utdannning så hadde me gått ein fredeligara og betre verden i møte.

Eg vil avslutta med å spør, Skal me akseptera at matproduksjonen går ned grunna stor nedlegging av gardsbruk ?  E det grett at me då importere meir mat frå folk som sjølv trenge det ? Ska me bygge ned meir regnskog for å produsera kraftfor ? Ska me stola på at land som Russland og KINA vil selje oss mat framtid ? E det grett at store firma i USA og KINA eiger og styrer matproduksjonen i fattige land, mens innbyggerene sulter ? Eg seier NEI NEI NEI. Men dessverre kan det virke som Høyre og FRP syns detta e ein fantastisk ide.

I år er det FN sitt år for familiebruket og det er ikkje utan grunn. Nei Høyre og FRP me trenger ikkje dokkas industrilandbruk, me trenger eit variert landbruk som tar utganspunkt i Norske ressurser, og finnes i heile landet, som setter dyrevelferd og berekraft høgare enn kortsiktig profitt og som er med å sikre oss som innbyggere 

TRYGG, GOD og KORTREIST MAT.

Landbruksforhandlingene handler om mykje meir enn lønnå til bonden, det handler lika mykje om sikkerheten for meg å deg som innbyggere 

NEI til Høyre og FRP sin landbrukspolitikk og  JA te Bonden.