mandag 20. august 2012

Eit sterkt nærpoliti



Ein av dei store sakene den siste uken har vært rapporten frå 22.julikommisjonen. Rapporten kom med sterk kritikk mot politiet, og det er varsla ein stor gjennomgang av politiet. Dette er viktig!  Sjølv om me i Noreg har eit dyktig politi som kvar dag gjør ein stor innsats for innbyggarane levner rapporten ingen tvil om at politiet også store svakheter og utfordringar som må rettes opp i.
Det som eg frykter er at erfaringane frå 22.juli kan bli brukt som eit argument for storstilt sentralisering av politiet. Eg meiner at nærpolitiet er svært avgjørande for beredskapen i landet. Me har allereie sett utfordringane ved sentraliseringa som til nå har vært i politiet både når det kommer til lokalkunnskap og utrykkingstid. For at politiet skal stå betre rusta til å håndtere alvorlige situasjonar i framtida er det viktig med ein styrking av lokalpolitiet. Senterpartiet ønsker eit nærpoliti som har god kompetanse om lokalsamfunnet sitt.
Lokal tilstedeværelse setter politiet i stand til å førebygga og oppdaga kriminalitet på eit tidlig tidspunkt, politiet er mest effektive når dei hindrar kriminalitet, det førebyggande arbeidet er heilt avgjørande. Politiet må være tilstade i lokalsamfunna!
Den teknologiske utviklinga gjør det også mulig å flytte oppgaver ut til distrikta, på den måten styrka lokale lensmannskontor. Det er ikkje slik at alle framskritt blir gjort ved å flytta oppgaver og folk til meir sentrale strøk.