Ein av dei store sakene den siste uken har vært rapporten
frå 22.julikommisjonen. Rapporten kom med sterk kritikk mot politiet, og det er
varsla ein stor gjennomgang av politiet. Dette er viktig! Sjølv
om me i Noreg har eit dyktig politi som kvar dag gjør ein stor innsats for
innbyggarane levner rapporten ingen tvil om at politiet også store svakheter og
utfordringar som må rettes opp i.
Det som eg frykter er at erfaringane frå 22.juli kan bli
brukt som eit argument for storstilt sentralisering av politiet. Eg meiner at nærpolitiet
er svært avgjørande for beredskapen i landet. Me har allereie sett
utfordringane ved sentraliseringa som til nå har vært i politiet både når det
kommer til lokalkunnskap og utrykkingstid. For at politiet skal stå betre rusta
til å håndtere alvorlige situasjonar i framtida er det viktig med ein styrking
av lokalpolitiet. Senterpartiet ønsker eit nærpoliti som har god kompetanse om lokalsamfunnet
sitt.
Lokal tilstedeværelse setter politiet i stand til å førebygga
og oppdaga kriminalitet på eit tidlig tidspunkt, politiet er mest effektive når
dei hindrar kriminalitet, det førebyggande arbeidet er heilt avgjørande. Politiet
må være tilstade i lokalsamfunna!
Den teknologiske utviklinga gjør det også mulig å flytte
oppgaver ut til distrikta, på den måten styrka lokale lensmannskontor. Det er
ikkje slik at alle framskritt blir gjort ved å flytta oppgaver og folk til meir
sentrale strøk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar