mandag 5. november 2012

Me treng ein langsiktig, ikkje kortsiktig politikk !!


Sist veke kunne ein lese at både Høgre og Framstegspartiet vil fjerne heimfallsretten og delprivatisere Statkraft. Dermed kan norsk vasskraft ende på private hender viss det blir blåblå regjering neste år. Etter mitt syn seier dette mykje om Høgre og Framstegspartiet sin kortsiktige og til tider skremmande politikk. Kvifor skal dei på død og liv selja arvesølvet?

Høgresida vil selje ut landets mineralressursar, vasskraftressursar og siste stikk frå Framstegspartiet; delprivatisering av Petoro. Petoro forvaltar statens direkte eigarinteresser på norsk sokkel, og gjekk med eit overskot på 128 milliardar i fjor. Dette er akkurat den same politikken som Framstegspartiet stod for på ’70-tallet, då Carl I. Hagen ville selge dei norske oljeressursane for nokon usle milliarder. Er dette folkets vilje? Eg trur ikkje det!

For meg er det viktigaste at alle landets store naturressursar kjem alle innbyggjarane til gode, slik kan me sikre gode barnehagar, skular, helsetenester, skikkelig infrastruktur, eit godt næringsliv og levende byar og bygder. Då er det skremmande å tenke på kva konsekvensane av Høgre og Framstegspartiet ved spakane kan medføre. Dei planlegg å flytte enorme summar frå fellesskapet over på private hender. Er det verkeleg meir privat velferd me treng i Noreg?

Nokon vil kanskje hevda at det offentlege har nok pengar… Ja, det offentlig har mykje pengar, og kjem til å ha det i mange år framover. Dette handlar ikkje om morgondagen eller 20 år fram i tid, dette handlar om korleis me vil sikre desse ressursane for framtidige generasjonar.

Senterpartiet fører ikkje kortsiktig politikk, me vil sikra nasjonalt eigarskap til dei store naturressursane våre. Håper og trur mange vil være einige med oss i dette.