Dei siste
vekene har det vore stor debatt om Norge skal satse på høgfartstog som knyter
landet saman eller ikkje. Vår eigen samferdselsminister har sagt at ho på dette
tidspunktet meiner at ei slik satsing ikkje kan prioriterast, likevel meiner eg
at dette ikkje kan leggast på is nå.
Eg baserer
standpunkta mine på følgjande:
Distriktspolitikk
Deutsche Bahn International har utgreia høgfartstog i Norge
som er tilgjengelig for 80 % av befolkninga innanfor ein time. Altså vil 80 %
av befolkninga kunne nå Oslo, Bergen, Haugesund og Stavanger eller Oslo og
Trondheim på 3 timar eller kortare, dei fleste ned mot 2 timar. Dette
vil åpenbart gi store muligheter til å bu og jobbe der ein vil. Heile landet i
bruk!
Mindre press på dei store byområda
Det er i dag eit stort press på fleire av våre byområde, spesielt
Oslo og Stavanger. Høge bustadprisar og enormt press på dyrebar matjord.
Timevis i rushtrafikk og luftforureining. Eit høgfartstognett med mange
stasjonar og varierande stoppemønster vil legge til rette for at folk og
bedrifter kan etablere seg utanfor dei pressa byområda.
Tungtransport vekk frå veiene.
Deutsche Bahn International si utgreiing peikar på store
inntektsmulegheiter ved å kombinere gods- og persontrafikk på same bane.
Synergieffektar
Både Jernbaneverket og Deutsche Bahn International si
utgreiing viser at InterCity (IC) på det sentrale Østlandet i seg sjølv ikkje
vil vera lønsamt, men knyter ein IC saman med eit nasjonalt høgfartsnett, vil
nettet vera lønsamt og kunne betale ned investeringane over 30 år. Når
investeringa er nedbetalt kan overskotet vera med å finansiere mindre lønsamme
strekningar, etter modell frå Avinor og flyplassane i landet.
Mindre flytrafikk
Nordmenn reiser mykje og til tross for knappe 5 millionar innbyggjarar
har strekningane Oslo – Trondheim, Bergen eller Stavanger alle rundt 1,6
millionar reisande og er såleis blant dei mest trafikkerte i Europa. Erfaringstall
frå flystrekningar i Europa med like stort passasjergrunnlag viser at eit kan
få ned flytrafikken 70 %. Då begynner me å snakke miljøgevinst!
Trafikksikkerhet
Antall trafikkdrepne vil òg reduserast betraktelig.
Så kvifor tar ikkje ein dyktig
samferdselsminister frå Senterpartiet tilfart og hopper jublande opp til
finansministeren for å skaffe finansiering? Jo fordi ho, naturlig nok, baserer sine standpunkt på
anbefalingar frå sin eigen administrasjon, Jernbaneverket (JBV). JBV har hatt
ei rekke konsulentselskap i arbeid for å utgreie høgfartstog. Funna til JBV er
langt frå like positive som dei Deutsche Bahn viser til. Likevel viser funna i «Høyhastighetsutredningen»
til JBV at det bør vera muleg å få lønsamhet i høgfartstog i Norge, om berre
JBV hadde endra premissa sine litt:
Detaljenivå
JBV sine planer er basert på grove korridorsøk i kart med
målestokk 1:50.000. Deutsche Bahn sine planar er laga i 1:5000, og endå betre
der kartmateriale er tilgjengelig. Deutsche Bahn kan dermed med ein mykje
større sikkerhet fastslå kostnader og inntekter.
Godstransport
Til tross frå klar instruks frå Stortinget har Jernbaneverket
ikkje tatt med godstransport som ein del av inntektene, sjølv om dei har
dimensjonert deler av banane for dette (utgifter). Godstransport utgjer 1/3 av
inntektspotensialet i Deutsche Bahn sine planer.
Miljø
JBV si utgreiing viser det vil ta 60 år før miljørekneskapen
går i pluss. Deutsche Bahn si utgreiing viser 10 gonger betre tall. JBV si
utgreiing hadde òg vist heilt andre tall om dei hadde brukt same metode som
alle andre samferdselsprosjekt i Norge blir rekna etter (NTP metode).
Dette er
bare 3 eksempler av mange kvifor eg meiner det kan være lurt å sjå på JBV sine
planar med ein viss skepsis. Kva faktagrunnlag skal Samferdselsministeren, Regjeringa
og Stortinget gjera sine vedtak på? Eg håper Samferdselsministeren snarast får
til eit møte med NorskBane slik at dei kan få presentere funna i utgreiingane
til Deutsche Bahn. Bare på denne måten kan me sikre gode vedtak gjort på eit
skikkelig faktagrunnlag. Det viktigaste nå er å sikre at InterCity på Østlandet
blir bygd på ein framtidsretta måte med mulegheit for påkobling av høgfartstog
frå vest og nord.
Senterpartiet
me skal ta HEILE landet i bruk

Er du en forretningsmann eller kvinne? Er du i noe økonomisk rot, eller trenger du penger til å starte opp din egen bedrift? Trenger du et lån for å starte en fin liten skala og middels virksomhet? Har du lav kreditt score, og du finner det vanskelig å skaffe kapitallån fra lokale banker og andre finansinstitusjoner ?. du kan faktisk få et trygt og godt lån fra et anerkjent lånefirma du kan få $ 1000 til $ 10.000.000, dette er et anerkjent lånefirma kontakt oss idagE-post: trustfundfinaceservice@gmail.com
SvarSlettMed vennlig hilsen din
ADAMS BALYN
Er du en forretningsmann eller kvinne? Er du i noe økonomisk rot, eller trenger du penger til å starte opp din egen bedrift? Trenger du et lån for å starte en fin liten skala og middels virksomhet? Har du lav kreditt score, og du finner det vanskelig å skaffe kapitallån fra lokale banker og andre finansinstitusjoner ?. du kan faktisk få et trygt og godt lån fra et anerkjent lånefirma du kan få $ 1000 til $ 10.000.000, dette er et anerkjent lånefirma kontakt oss idagE-post: trustfundfinaceservice@gmail.com
SvarSlettMed vennlig hilsen din
ADAMS BALYN